Velg en side

«Alt vi har kjært»

Ine Hoem & Edvard Hoem

 

Gjør deg klar for sterke tekster og vakre melodier!

 

Ine Hoem kommer til Kristiansund med sitt nye album «Alt vi har kjært»,med egne melodier og tekster av sin far, Edvard Hoem.

Far Edvard og dotter Ine Hoem har opplevd suksess på kvart sitt felt. Edvard Hoem har gledd lesarar over heile landet, blant anna med serien om slektningane hans som utvandra til Amerika, og romanen Mors og fars historie. Ine Hoem har nådd langt ut med smakfull visepop, songar som Jeg vil aldri hjem, og Vi trenger ikke hage, vi.

Det musikalske samarbeidet mellom far og dotter tok til for meir enn femten år sidan, men vart først offentleg kjent med den kjende julesongen Å, signa natt, hausten 2020, som blant anna vart framført på Lindmo i NRK i desember 2020.

Hausten 2021 legg Ine Hoem og Edvard Hoem ut på sin første turné i samband med at Ine Hoem slepper albumet Alt vi har kjært.
Alt vi har kjært 
er Ine Hoems melodiar og nyskrivne tekstar av Edvard Hoem. Her finn ein også salmar som Den fattige Gud til melodi av Henning Sommerro og No stig vår song av Håkon Berge.

Det blir ein konsertoppleving av dei sjeldne, der Ine Hoem syng farens tekster, Edvard Hoem les frå den siste romanen sin, Felemakaren, og i tillegg presenterer upubliserte nye dikt. Alle bør unne seg høyre kor godt tekstar og musikk står til kvarandre.

«Alt vi har kjært er skriven i ei tid med uro og uvisse. Det slo meg at ein ikkje må skrive om det, men i staden om dei store og små samanhengar som rammar inn menneskelivet, og som er der, same kor kaotisk og usikker tida ser ut til å vera. Vi lever med framtidshåp og fortidsminne, i årstidene og i døgntidene, i kvardagen og i kosmos. Og alt dette skjer i verselinjer, som uttrykker håp og glede over alt det fantastiske som livet trass alt har å by på.» – Edvard Hoem

 I samarbeid med produsent Markus Lillehaug Johnsen og fantastiske improviserande musikarar har Ine Hoem skapt eit unikt univers av visepop, jazz og salmar, og Edvard Hoems tekstar.

Ver klar for sterke tekstar og vakre melodiar!

 

Edvard Hoem – forteller                                   

Ine Hoem – vokal

Markus Lillehaug Johnsen – gitar

Andreas Ulvo – piano

Jo Berger Myhre – bass

Pål Hausken – trommer

Foto: Jørgen Nordby

Besøk oss!

Konsul Knudtzons gate 4B
6509 Kristiansund N

 

Postadresse

Festspillene i Kristiansund
Langveien 8
6509 Kristiansund N

Kontakt 

Daglig leder 
Kine Iselilja Gyldenskog
984 24 467
kine@festspillksu.no

Produsent
Magnhild Sørvik
415 11 438
magnhild@festspillksu.no

Kunstnerisk leder
Kjetil Bjerkestrand 
kjetil@festspillksu.no

Cookies-policy

© Copyright Festspillene i Kristiansund AS
Design / host: Adcom Kristiansund